HiL > Om høgskolen > Historikk
|
|
| Den gamle porten til Landbruksskole for Oppland frå 1896. |
|
|
| Gamlebygget frå 1927 blei teken i bruk etter at ein brann i 1925 utsletta tidligare bygg. |
|
|
| OL på Lillehammer i 1994 skapte eit fantastisk lyft for Lillehammer og høgskolen. |
Høgskolen i Lillehammer ligg på tradisjonsrik grunn
Storhove har vore ein møteplass i meir enn tusen år. Namnet Hove (Hofvin) tyder på at dette var ein kultstad allereie i førekristen tid. Det stod truleg eit hov her på 800-talet. Hove held fram å vere ein sentral møteplass.
På 1300-1400-talet blir staden omtalt som stevnebø, der det blei helt ting. Frå 1330 kjenner vi namna på dei fyrste menneska som var busette her, Øystein og Åse. Dei blir omtalte i samband med eit arveskifte.
Garden Storhove
Frå år 1400 og fram til 1800-talet var garden, som etter kvart fekk namnet Storhove, ein storgard. Ei tid var den også kongen sitt krongods. På det meste låg 77 andre gardar under Hovegodset.
Den fyrste sosialistiske rørsla i Noreg, Thranittbevegelsen, hadde ei sterk stilling i Fåberg på midten av 1800-talet. Ikkje minst Storhove-bondeen, Iver Iversen Storhaave, var ei drivande kraft. Han stilte garden til disposisjon for møte. Dessutan hjelpte han småkårsfolk i bygda, blant anna med ei låne- og hjelpekasse og eit leseselskap.
Landbruksskole for Oppland
Allereie i 1847 blei det teke initiativ for å gjere Storhove til landbruksskule for Oppland, men forhandlingane med Iver blei brotne. Derfor kjøpte Kristians Amt, seinare Oppland fylke, i staden Haug gard i Vardal, som fungerte som landbruksskole til Storhove i Fåberg igjen blei aktuell i 1889.
Då kjøpte amtet Storhove for 40.000 kroner etter hard politisk strid mellom ordførarane frå Vestoppland/Valdres og Gudbrandsdalen. Dei sistnemnde sigra med 14 mot 12 stemmer. Striden held fram, no om dekninga av kostnadene til sjølve bygginga, og dei fyrste 18 elevane flytte ikkje inn før i 1896.
Vekst og motgang
Fram til 1917 var det ekspansjon og framgang, ikkje minst pga. mekaniseringa og moderniseringa som skjedde i norsk landbruk. I 1920-åra kom likevel motgangen. Årsaka var dei generelt dårlege tidene, kombinerte med at einskilde linjer blei flytte til andre skolar.
I 1925 brann dessutan undervisningsbygget ned. Fyrst i 1927 kunne eit nytt undervisningsbygg, det som i dag heiter Gamlebygget, bli teke i bruk.
Frå ca. 1930 tok likevel interessa seg opp igjen, og det var planar om nybygging då krigen braut ut i 1940.
Krigsåra og tida etterpå
22. april 1940 var slaga mellom tyskarar og engelskmenn i full gong på Storhove. Nesten alle hus brann ned eller blei skotne i filler. Under okkupasjonen tok tyskarane i bruk Storhove som forlegning under namnet "Lager Hindenburg".
Opptil 1000 soldatar var forlagt her. Samtidig held landbruksundervisninga fram i eit innskrenka omfang. Våren 1945 hadde skolen 54 elevar.
På 1950-talet var utviklinga positiv, bl.a. med ei stor landbruksutstilling i 1957. Skolen hadde på dette tidspunktet 90 elevar.
På 1960-talet sokk søkninga til landbruksutdanninga kraftig, og skolen blei lagt ned i 1969/70. Det skjedde etter ein ny og hard politisk drakamp på fylkestinget. Storhove fall mellom to stolar, Valle på Toten og Klones i Vågå blei dei framtidige landbruksskulane.
Hedmark/Oppland distriktshøgskole (ODH)
Nedlegginga skjedde samtidig som prøvedrifta med distriktshøgskolar i Noreg starta. Fylket stilte Storhove til disposisjon for den nye Hedmark/ Oppland distriktshøgskole, og i mai 1970 vedtok Stortinget oppretting etter ein omfattande lokaliseringsdebatt.
Dei fyrste tilsette begynte same haust, og hausten 1971 blei dei 34 fyrste pedagogikkstudentane tekne opp.
Klare siktemål
Planlegginga av fagtilboda bar frå fyrste stund preg av tre siktemål:
1. Ein ville etablere eit breitt samfunnsfagleg miljø. Grunngjevinga var at regionen trong samfunnsfagleg ekspertise, og ein ville skape samanheng og kontakt mellom fagmiljøa innanfor høgskolen.
2. Ein ville ha ein kombinasjon av to-tre årige yrkesretta studium, universitetsstudium (grunnfagseiningar), vidareutdanningstilbod for folk med ei yrkesutdanning og etterutdanning i form av kortare kurs for yrkesaktive menneske.
3. Ein ville utvikle alternative studietilbod, og utvikle studietilbod på felt kor det ikkje fanst utdanning. Delvis ville ein også gi nye typar av tilbod innanfor etablerte fagfelt.
Desse tre siktemåla har hatt mykje å seie for høgskolen si utvikling. Under arbeidet med å utforme dei fyrste fagplanane, blei det utkrystallisert visse prinsipp for korleis studiearbeidet skulle drivast.
Ein la blant anna vekt på:
Med den fyrste direktøren til høgskolen, Hans Tangerud, i spissen blei ODH ein norsk forsøksstasjon for reformpedagogiske idéar.
Vekt på forsking
Frå midten på 1970- talet, har det blitt lagde sterk vekt på forsking. Prinsippet om at undervisninga skal vere forskingsbasert er retningsgivande i planane til høgskolen.
I høve til storleiken har høgskolen eit høgt tall tilsatte i professor- og førsteamanuensis-stillingar.
Lokalisering Storhove
Studenttalet blei fordobla årleg gjennom 1970-talet. Ein paviljong blei reist som ei naudløysing, og etter kvart måtte skolen rykkje inn på Wiese Pensjonat og i tre bygg på Maihaugen i Lillehammer.
I 1977 fekk Hedmark sin eigen distriktshøgskole, og ekspansjonen på Storhove blei dempa. Ein debatt om kvar i byen høgskolen skulle leggjast permanent, munna ut i framleis satsing på Storhove.
Høgskolen var etter kvart blitt spreidd på fem-seks stader i Lillehammer by, men i 1989 gjorde eit statleg nybygg det mogeleg igjen å samle det meste på Storhove.
OL på Lillehammer 1994
OL 1994 skapte eit fantastisk lyft for Lillehammer og høgskolen. Allereie i søknadsfasen var det bestemt at radio- og TV-senteret skulle leggjast til Storhove. Etter leikane og ei ombygging i 1995, kunne så Høgskolen i Lillehammer overta 26.000 kvadratmeter. Den norske filmskolen fekk det avanserte nybygget sitt i 2003.
Som ein følgje av omorganiseringa i høgre utdanning, blei talet på høgskolar i Noreg redusert frå 98 til 26 i 1994. Høgskolen i Lillehammer var saman med Høgskolen i Harstad dei einaste som heldt fram uendra som eigne høgskolar.
Alle aktivitetar ved høgskolen er no samla på Storhove. Her ligg også Østlandsforskning, Lillehammer Kunnskapspark, Fakkelgården, Studentsamskipnaden i Oppland, NRK og Østlandsforskning som HIL har eit godt samarbeid med. Saman med Base Jørstadmoen har dei oppretta Lillehammer Campus.
Studia i endring
Frå starten av har dei samfunnsvitskaplege faga stått sterkt ved Høgskolen i Lillehammer. Hausten 1991 blei dette hegemoniet utfordra, og tre studium i helse- og sosialfag blei sett i gong. Seinare kom også studiar i TV, og så Den norske filmskulen frå hausten 1997.
I tillegg til eit breitt utval av heiltids årsstudiar, bachelor- og masterstudium, blir det satsa på fjernundervisning og etterutdanning, også kalla livslang læring.
Høgskolen i Lillehammer har auka studenttalet mykje i det nye tusenåret. Sannsynlegvis vil talet studentar fortsetje å auke framover.
Universitetsambisjonar
Gjennom Prosjekt Innlandsuniversitetet arbeider høgskolene i Lillehammer, Gjøvik og Hedmark saman med fylkeskommunane i Hedmark og Oppland for å etablere eit universitet. Ambisjonen er at universitetet skal vere godkjent og i drift i 2015.