Høgskolen i Innlandet
Høgskolen i Lillehammer er fra Høgskolen i Innlandet

HiL > Om høgskolen > Høgskoleanlegget

Førebels lokale i Industrigata 17

Frå studieåret 2016 tek høgskolen også i bruk førebels lokale i Industrigata 17 (i dei tidlegare lokala til Statens vegvesen i Lillehammer).

Dette medan vi venter på eit nytt bygg på Storhove.

Høgskoleanlegget

Rødt_tårn_høst

Høgskolen i Lillehammer held til i eit nasjonalt signalbygg på Storhove ca 5 km nord for byen Lillehammer. Husklyngja har fått ei form og masseoppbygging som ikkje dominerer, men framhevar landskapstrekka.

Materialane er valde med omhug, og ytterveggene består av glas og skiferplater basert på nyutvikla teknikk. Det sagtakkete glastaket gir eit lyst og ope innemiljø og fører til ein spenstig utsjånad.

Ein OL-vinnar

Høgskolen i Lillehammer er ein av dei store OL-vinnarane frå 1994, og både studentane og tilsette set pris på det flotte bygget som høgskolen overtok etter OL. Lokala er storslåtte med store, opne område og ein stor og lys glasgard som fungerer som ei gate som bind saman dei ulike bygningsdelane og romma.

Hollywoodtrappa er hovudinngangen til bygget, og fører ned til Studenttorget og biblioteket med læringssenter. Sentralt i bygget er det også kantine, bokhandel, studentkontor, lesesal, grupperom og datasal. Bygget er tilrettelagt for at studentane skal trivast og ha eit godt læringsmiljø.

HiL-komplekset omfattar ei golvflate på 30.000 kvadratmeter, der 26.000 er nybygget som blei reist til dei olympiske leikane i 1994.

Namn frå området

Bygningane på Storhove har namn knytt til gamle stadnamn og funksjonar. Hovudbygningen Hove består av Sørhove, Vesthove, Nordhove og Østhove.

Dei eldre bygningane er Internatet, Gamlebygget, Montenegro og Stabburet.

Også auditoria har lokale namn: Lågen, Balberg, Bæla, Skurva, Korgen, Kannik, Siljan og Fiskevarpet.

Bygg for alle - om tilgjengelegheit

Statsbygg har utvikla ein eigen nettstad www.byggforalle.no som gir informasjon om tilgjengelegheita til publikumsromma i dei fleste offentlege bygg som Statsbygg forvaltar.

Her kan du sjå detaljar om dei einskilde lokala, og om mogelege hindringar på vegen til gjestingsmålet. Søkne kan også baserast på ei vald gruppe av funksjonshemmingar.

Statsbygg har ein eigen stab på Storhove til å ta seg av forvaltninga av bygningsmassen.

Sist oppdatert: Sigrun Dancke Skaare 22.06.2016

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L