Høgskolen i Innlandet
Høgskolen i Lillehammer er fra Høgskolen i Innlandet

HiL > Om høgskolen > Kunstsamlinga

Rødt_tårn_høst
Det raude, 14 meter høge tårnet til Paul Brand utanfor hovudinngangen (Foto: Finn Olsen)
harald_t1
Professor Harald Thuen studerer kunst ved ASV (Foto: Ida Hjerkinn)
berulf
Høgskolelektor Berulf Vaagan ved "Nordkapp - Lindesnes" (1986) av George Morgenstern (Foto: Ida Hjerkinn)
Antilope1
Den blå antilopen frå kunstverket til Alex Flemming Uten tittel (1991-92) heng i Glassgården (Foto: Sigrun Skaare)

Kunstsamlinga

Kulturbyen Lillehammer blir prega av institusjonar som Lillehammer Kunstmuseum og Maihaugen, fleire galleri, spennande arkitektur og offentlege utsmykkingar.

Lange og solide tradisjonar innanfor biletkunst og kunsthandverk i byen blir spegla og følgd opp ved Høgskolen i Lillehammer. Ved å tilby studium og forsking innan kultur- og mediefag er høgskolen med i ein kontinuerleg diskusjon om og utvikling av estetiske fag og verdiar.

I eit miljø prega av vitskap og pedagogikk skaper kunsten ettertanke og gir innsikt. Den utløyser undring og den provoserer.

Allereie i samband med utbygginga av Storhove, som stod ferdig i 1989, blei det gitt fleire utsmykkingsoppdrag. Her kan ein finne verk av Lars Paalgard og Jonas Lindstrøm i samarbeid, Kristin Andreassen, Jan Egge, Kurt Edvin Hansen, Gitte Dæhlin og Jan Stensrud. Fleire av dei har lokal tilknyting.

Ei gåve frå LOOC
I samband med OL 1994 blei det gjennomført eit stort program med utsmykkingsoppdrag. Radio og TV-senteret, som seinare blei bygt om til høgskule, var gitt to utsmykkingsoppdrag. Det eine var det raude, 14 meter høge, tårnet til Paul Brand utanfor hovudinngangen, og det andre Dag Skedsmos fire innandørs veggarbeid eller relieff.

I tillegg kjem Olympiasamlingen -94, som består av samtidskunst laga av 38 kunstnarar frå 10 land. Kunstsamlinga blei etter OL gitt som gåve til høgskulen av LOOC (Lillehammer Olympiske Organisasjonskomité) og kjem frå kulturprogrammet under leikane. Desse verka er sentralt plasserte i bygningen. Nokre er også å finne i biblioteket, kantina og i to av auditoria.

Samlinga består av over 100 verk og skil seg frå andre offentlege samlingar i Noreg fordi den er bygd opp over eit svært avgrensa tidsrom. Den er den største kunstsamlinga ved ein norsk høgskole. Samlinga reflekterer både gjennom tema og teknikkar vesentlege delar av samtidskunsten på 1990- talet.

Kommunikasjon, kropp og natur
Tematisk er verka konsentrerte omkring kommunikasjon, kropp og natur - det vil seie sentrale omgrep i samband med dei olympiske leikene.

Verka blei vist som to forskjellige utstillingar året før OL og var under sjølve leikane plassert i arenaer og VIP-rom. Samlinga er bygd opp slik at verka skal minne oss om at det alltid finst noko bak det vi ser. Bak resultatlistene ligg dopingtestane, bak sigerherrane sine smil finst hoder fulle av tankar og kjensler og bak suksessane finst eit finmalt næringsinntak, stive musklar, andenaud og verkande ryggar.

Det finst ikkje noko fasitsvar på korleis dei einskilde verk i samlinga skal forståast eller kva dei skildrar. Det er fyrst i samspelet mellom dei einskilde og verka at det oppstår ei meining og det blir utløyst ein reaksjon. Slik vil det alltid vere når ein møter kunsten, og slik er det også på Storhove.

I Filmskolens nybygg møter du kunst av Hanne Nilsen og amerikanaren John Waters, som også er filmskapar og kritikar. Begge arbeider med humor som katalysator.

Sist oppdatert: Kristin Korsvold 08.07.2013

20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L