Høgskolen i Innlandet
Høgskolen i Lillehammer er fra Høgskolen i Innlandet

HiL > 2008/09 Studiehåndbok > Master i innovasjon og næringsutvikling (kull 2008 - 10)

Master i innovasjon og næringsutvikling (kull 2008 - 10)


Anne Saetre studerer Master i inovasjon og naeringsutvikling
Fagområde
Samfunnsvitenskap, humanistiske fag og juss
Ledelse, organisasjon og økonomi
Opplevelses,- reiselivs- og kulturfag
Avdeling
Avdeling for humaniora, idrett og samfunnsvitenskap
Kode
3009
Opptak
Lokalt opptak
Antall studiepoeng
120
Pensum
Vedlegg
application/pdf brosjyre minno 2008.pdf 274,17 kB
Studenttorget
studenttorg@hil.no
Telefon: 612 88000
Kontaktinformasjon

Professor Tor Selstad

Studiet gir kunnskap om utvikling av bedrifter og næringer. Hvordan vokser nye bedrifter fram? Hva er kjennetegnet ved entreprenørskap og nyskapning/innovasjon? Hvilke næringer kan utvikles i rike land? Hvordan virker markedsøkonomien i en globalisert verden? Hva kan oppnås med en aktiv næringspolitikk? Dette er eksempler på sentrale problemstillinger som studiet gir innsikt i.

Studiet passer for kandidater med bachelor i økonomisk-administrative fag, reiselivsfag og andre samfunnsfag med relevante fordypninger.

Studiet setter næringsutvikling inn i et samfunnsmessig perspektiv. Dynamikken i bedrifts- og næringsutvikling blir analysert i forhold til omgivelsene; bedrifter i nettverk, klynger, regionale og nasjonale innovasjonssystemer. I denne sammenheng blir offentlig sektors rolle både som regulerende regime og aktiv deltaker i næringsutvikling og partnerskap vektlagt. Gjennom masteroppgaven blir du øvd i kritisk og reflektert tenking. Gjennom temavalg for oppgaven får du arbeide konsentrert med det du er mest interessert i.

Studiet gir kompetanse til stillinger som arbeider med entreprenørskap, innovasjon og næringsutvikling både i offentlig og privat sektor. Innen offentlig sektor vil det være stillinger i kommunene og fylkeskommunenes næringsavdelinger, i næringsdepartementene og i det offentlige virkemiddelapparatet (for eksempel Innovasjon Norge). Innen privat sektor vil du finne denne kompetansen i ulike bransjeorganer, i utviklingsfunksjoner i større bedrifter, i avisenes næringslivsredaksjoner osv. Mange bruker studiet som plattform for å starte egen bedrift.

Les intervju med Anne Nordby Sætre på utdanning.no.

Studieopplegg

  • Undervisningen blir organisert i 4 samlinger (à 1 - 2 dager) pr emne. I tillegg vil det normalt være ukentlige forelesninger.
  • Arbeidskrav i form av gruppearbeid og individuelle arbeid.
  • Veiledning på HiL og på nett.

Studiet byggjer på, og er tilrettelagt for heiltidsstudentar som går meir eller mindre direkte vidare frå bachelorutdanninga si. Sjølv om studiet er tilrettelagt for dette, er det ein fordel med praksis frå arbeidslivet. De som ønsker å ta studiet som deltidsstudium, kan avtale dette med studieveileder.


Studiet gir kunnskap om utvikling av bedrifter og næringer. Hvordan vokser nye bedrifter fram? Hva er kjennetegnet ved entreprenørskap og nyskapning/innovasjon? Hvilke næringer kan utvikles i rike land? Hvordan virker markedsøkonomien i en globalisert verden? Hva kan oppnås med en aktiv næringspolitikk? Dette er eksempler på sentrale problemstillinger som studiet gir innsikt i.

Studiet passer for kandidater med bachelor i økonomisk-administrative fag, reiselivsfag og andre samfunnsfag med relevante fordypninger.


Studiemodell Master i innovasjon og næringsutvikling

Emneoversikt: Master i innovasjon og næringsutvikling (kull 2008 -10)

Kode Emnets navn SP. O/V *) Studiepoeng pr. semester
  S1(H) S2(V) S3(H) S4(V)
INN3002/1 Entreprenørskap og utviklingsaktører 15 O 15      
INN3003/1 Næringspolitikk og næringsutvikling 15 O 15      
PAD3001/1 Flernivåstyring, partnerskap,
planlegging
15 V   15    
INN3004/1 Kulturbasert næringsutvikling 15 V   15    
INN3006/1 Ledelse - strategi og endring 15 V   15    
PAD3002/1 EU/EØS-forvaltning 15 V   15    
INN3001/1 Vitenskapsteori og metode (for MA
Innovasjon og næringsutvikling)
15 O     15  
INN3010/1 Masteroppgaven - Innovasjon og
næringsutvikling
45 O     15 30
Sum: 30 30 30 30
*) O - Obligatorisk emne, V - Valgbare emne

VisSe hele studieplanen..

Heltid/deltid
Heltid/deltid
Studielengde
2 år
Grad/kompetanse
Masterstudium
Kull
2008/2010
Studiestart
13.08.2008
Studiested

Lillehammer

Faglig innhold

Studiet er bygd opp i føljande emne på 15 studiepoeng

A.Obligatoriske emne

  • A1: Vitskapsteori og metode
  • A2: Entreprenørskap og utviklingsaktørar
  • A3: Næringspolitikk og næringsutvikling

B.Valfrie emne (studentane skal velgje 2 av emnene)

  • Flernivåstyring, partnerskap og planlegging
  • Kulturbasert næringsutvikling
  • Ledelse - strategi og endring

C.Masteroppgave

  • C1: Masteroppgave 45 studiepoeng (§ 3)

Sjå studiemodellen over som viser oppbygginga av masterstudiet.

Dei to obligatoriske emna Entreprenørskap og Utviklingsaktørar og Næringspolitikk og Næringsutvikling etablerer dette studiets faglege kjerne. Desse emna blir tilbode i første semesteret. På den måten kan heilttidsstudenten ha god fagleg oversikt allerede etter første semesteret. Denne oversikta gjer det lettare både å velje retning og spesialisering.

Andre semesteret er kjenneteikna av frie val. Gjennom valemna og ikkje minst masteroppgava kan den bevisste studenten spesialisere seg. Obligatoriske emne på andre masterutdanningar på høgskulen kan velgast inn som valfrie emne på dette studiet. Andre valfrie emne er spesielt utvikla for denne masteren. Etter individuell søknad og vurdering kan også andre emne som blir tilbode på HiL, eller andre lærestader i inn- og utland, velgast. Ein kan ha ulike grunnar for å ta dei valfrie emna ein annan stad, til dømes ønsket om eit utanlandsopphald. Den internasjonale gründerskulen er førehandsgodkjent som valemne på dette masterstudiet.

Det siste obligatoriske emnet, Vitskapsteori og Metode, kjem i tredje semesteret og blir lagt opp slik at det støttar mest mogleg opp om masteroppgava. Kurset byggjer på at studentane har grunnleggjande kunnskap i metode frå bachelorutdanninga. Ein tek også omsyn både til at store delar av studentgruppa vil ha bakgrunn i økonomisk administrative fag og at studentgruppa ikkje har rein disiplinbakgrunn.

Spesielt om integrering av masteroppgåva

Det skal organiserast eit masteroppgåveseminar allereie 1. semester. Her skal det leggast vekt på val av tema for masteravhandlinga. Lærarane presenterer på dette seminaret kva dei forskar på og kva for område studentane av den grunn kan få ekstra kvalifisert oppfølging på. I slutten av andre semester blir det arrangert eit tilsvarande seminar der dei studentane som vel å ta studiet innan vanleg tid (2 år) møter til obligatorisk oppstart av masterarbeidet.

Studentar som har valt tema for masteroppgåva, kan knyte skriftlege arbeid som skal innleverast under dei ulike emna, til temaet for masteroppgåva. Desse skriftlege arbeida kan inngå i masteroppgåva, men skal ikkje vere identiske med til dømes med kapittel i den ferdige oppgåva. Det blir også lagt til grunn forventing om progresjon frå dei arbeida som blir innlevert tilknytt det einskilde emnet, til avhandlinga som blir innlevert til slutt. To studentar kan vere saman om masteroppgåva.

Arbeidet med masteroppgava startar for fullt tredje semesteret. Det blir organisert 2-3 samlingar der studentane og rettleiarar får felles læring og framdrift. Til desse samlingane skal studentane levere notat til masteroppgava. Både notata og samlingane er obligatoriske arbeidskrav dersom ikkje anna er avtala. Etter desse samlingane har kvar student fått tildelt rettleiar og resten av arbeidet med avhandlinga blir gjort etter avtale mellom desse to partane.

Opptakskrav

Studentar med bachelor-utdanning i økonomiske administrative fag, næringsretta utdanningar (som reiselivsutdanning), organisasjons- og ledelsesutdanning er den viktigaste rekrutteringsbasen for dette studiet. Også studentar med anna realfags-, samfunnsfags- og kulturfagleg utdanning kan takast opp etter individuell vurdering. Dette gjeld til dømes ingeniørar som i sin treårige utdanning har tilstrekkjeleg innslag av økonomi og administrasjonsfag. I ein overgangsfase vil sjølvsagt også mange med relevante cand.mag. - samansettingar på tilsvarande måte vere kvalifiserte for opptak på studiet.

Det faglige minstekravet for opptak er karakteren C (eller 2,7 ved tallkarakterar) som vekta gjennomsnittskarakter for de eksamenar som inngår i det faglige grunnlaget for opptak.

Yrkesmuligheter

Arbeidsmarknaden for masterkandidatane er:

  • Det offentlege eigde og drivne innovasjons-, næringsutviklings- og verkemiddelapparatet, som til dømes Innovasjon Norge, Næringsdepartementa, Fylkeskommunanes Næringsavdelingar, Fylkesmennenes landbruksavdelingar osv, næringslivsmedarbeidarar i kommunane og interkommunale nærings- og utviklingsselskap.
  • FoU- systemet, det vil seie i forskings- og utviklingsorganisasjonar som høgskulane, forskingsstiftingane, kunnskaps- innovasjons- og inkubatorparkar og liknande
  • Privat næringsutviklingssektor som bankanes næringsavdelingar, konsulentselskap, næringsutviklingsselskap, destinasjonsselskap og som næringsutviklings- og samfunnskontaktansvarlege i private selskap og næringsutviklingsansvarleg i ulike typar fag- og interesseorganisasjonar.

Dette er det vi vil kalle hovudmålgrupper i den arbeidsmarknaden som vi vil kvalifisere våre studentar for, men erfaringsmessig vil slike kandidatar kvalifisere seg for eit breitt spekter av jobbar gjennom ulike kombinasjonar av utdanning, praksis og interesser. Vi ser til dømes for oss av dette er studium som kvalifiserer godt for næringslivsjournalistikk, informasjonsarbeid og arbeid i internasjonale organisasjonar som arbeider med næringslivsspørsmål.

Undervisnings- og læringsmetode

Dei som får opptak på studiet, skal i samråd med fagpersonellet på studiet sette opp ein kortfatta, individuell læreplan. I læreplanen skal studenten grunngje progresjonen sin og klargjere dei spesielle måla ho/han vil realisere gjennom studieprogrammet. Val av studieemne skal vere ein del av læreplanen. Vidare skal studenten skissere tema for masteroppgåva slik at rettleiar kan bli tildelt. Studentane blir oppfordra til å starte tenkjeprosessen kring masteroppgåva frå første semester slik at val av emne og oppgåveskriving som skal dokumenterast som arbeidskrav i størst mogleg grad byggjer opp om dette avsluttande hovudarbeidet.

Masterstudiet i Innovasjon og Næringsutvikling har eit omfang på 120 poeng og kan gjennomførast som heiltidsstudium over 2 år. Studiet kan også gjennomførast som deltidsstudium over eit lengre tidsrom, men er ikkje spesielt tilrettelagt for fjernundervisning ut over vanleg bruk av Classfronter. Deltidsstudentar bør derfor primært bu i pendlingsavstand til Lillehammer og ha avtale med arbeidsgjevar om moglegheit for å følgje delar av undervisninga.

Eksamensform

Kvart emne er evaluert etter det prinsippet at oppgåver som er skreve heime, skal følgjast opp med munnleg prøving som viser at kandidaten kan innestå for oppgåva. Det kan vere maksimalt to kandidatar som skriv felles oppgåve. Den munnlege eksamen skal også vere ei prøving i pensum dersom det ikkje er ein dagseksamen som tener dette føremålet. Arbeidskrav som er ein føresetnad for å gå opp til eksamen, blir supplert med skuleeksamen. Slike arbeidskrav kan vere både individuelle og gruppebasert.

Back Tilbake   Back Til toppen
Sist oppdatert av: Ane-Gunhild Amirnejad 09.12.2008
20©09 Høgskolen i Lillehammer, Postboks 952, 2604 Lillehammer | Fakturaadresse | Telefon: 61 28 80 00 | E-post: post@hil.no |L